Kriserapporten på Island: - Ei handbok for eit betre samfunn
- Det er nødvendig med ei fullstendig mentalitetsforandring på Island, seier journalisten og statsvitaren Baldvin Þór Bergsson, og kallar Alltingets kriserapport ei handbok for eit betre samfunn.
- Dei som har skrive kriserapporten er svært modige, seier Siv Friðleifsdóttir, medlem i Alltinget og i Nordisk råd.
- Fotograf
- Magnus Fröderberg/norden.org
- Island er eit lite land og eit lite politisk system, og alt sest i eit personleg lys, fastslo Baldvin Þór Bergsson på ei frukostsamtale som Norden i Fokus arrangerte i Stockholm i kjølvatnet av Alltingets rapport om den økonomiske kollapsen på Island. Temperaturen i debatten var høg frå starten, og usemje om Islands ICESAVE-forpliktingar og om medias rolle bidrog ytterlegare.
- Politisk og institusjonell svikt
- Rapporten gir media ein hard dom for ikkje å ha vore kritiske til bankane, og eg meiner media har blitt manipulert. Dei store mediekonserna på Island har for tette band til tunge næringslivsinteresser og til dei to største partia, framheldt Siv Friðleifsdóttir, medlem av Alltinget og Nordisk råd. Ho sa at rapporten fortel om politisk og institusjonell svikt i det islandske samfunnet.
- Dei som har skrive denne rapporten er svært modige. Ein tidlegare statsminister, to andre tidlegare ministrar og den tidlegare leiinga for sentralbanken og finansinspeksjonen har vanskjøtta pliktene sine. Mange av oss politikarar hadde ei kjensle av at noko var gale, men det er vanskeleg å forstå korleis det kunne gå så gale. Det kjennest ikkje så bra å vera politikar på Island for tida, fortalde ei openhjartig Siv.
- Ikkje svikne av Norden
- Islendingane kjenner seg svikne av samfunnet. Dei er vande med å kjempa mot naturkreftene, men ikkje mot staten og samfunnsinstitusjonane, sa Islands ambassadør i Stockholm, Guðmundur Árni Stefánsson.
Hans svenske kollega i Reykjavík, Anders Ljunggren, avviste påstander som har kome frå visse hald om at Norden har svikta systernasjonen i vest. Siv Friðleifsdóttir meinte at dei nordiske landa tvert imot har gjort alt dei kan for å hjelpa Island.
- Rapporten fortel at dei nordiske sentralbankane av svært gode grunnar krevde garantiar for systemskifte i den islandske sentralbanken. Det ville ikkje leiinga i sentralbanken lova, noko som var ukjend for folk flest på Island før rapporten kom, fortalde Siv.
Trur utviklinga i EU avgjer for Island
Islandske Lára Long er flygeleiar i Malmö og flytta til Sverige allereie før krisa var eit faktum.
Eg flytta til Sverige, selde bilen og betalte låna mine. Ei veke seinare rasa den islandske krona.
- Eg valde å flytta frå eit Island der alt hadde blitt einsretta og overdrive, og der ”alle”, også eg, hadde lån i utanlandsk valuta. Eg flytta til Sverige, selde bilen og betalte låna mine. Ei veke seinare rasa den islandske krona, fortalde Long. Ho tvilar på om ho har lyst og økonomisk mulegheit til å venda tilbake, og er usikker på om EU er svaret for Island, noko som blei diskutert mot slutten av frukostsamtala.
- Utviklinga i EU og for euroen blir minst like viktig for om Island går med i EU som det utviklinga på Island blir, sa ambassadør Anders Ljunggren.
