Side-alternativer

- Auka levealder krev tettare nordisk samarbeid

- Det er svært positivt at levealderen stig i Norden, det viser at landa våre er gode å bu i og gir oss nye mulegheiter, men sterk vekst i personalbehovet krev også eit tettare nordisk samarbeid. Det sa den norske helseministeren Anne-Grete Strøm-Erichsen då ho møtte Velferdsutvalet i Nordisk råd.

14.04.2010

Foto: Berit Roald, Scanpix/Statsministerens kontor

- Vi har nokre år på oss. Det er først frå 2020 vi får den største veksten i talet på eldre i Norden. Dei nordiske landa har liknande strukturar i helsevesenet og liknande utfordringar. Dei kan vi ikkje kjøpa oss forbi, men vi kan læra av kvarandre, sa Strøm-Erichsen. Ho trur personell er den største utfordringa.

- I 2050 treng vi dobbelt så mykje personell som vi har i dag.

- I 2050 treng vi dobbelt så mykje personell som vi har i dag. Det gjer at vi må utdanna fleire og at vi må bruka dei vi har meir effektivt. Vi kan gjera det betre på helse og omsorg i Norden ved å samarbeida meir om forskning, teknologi og administrasjonssystem, fastslo statsråden.

1 av 3 må inn i omsorgssektoren

- Eg trur at vi kjem til å greia dette betre i Norden. Vår samfunnsmodell held fødselstala oppe. Men det er likevel ei svært stor utfordring vi står andsynes. Om 25 år må éin av tre som går ut av grunnskolen inn i helse- og omsorgssektoren, dersom vi skal dekkja behova, sa Anne-Grete Strøm-Erichsen.

- Vi kan gjera det betre på helse og omsorg i Norden ved å samarbeida meir.

Ministerens svenske partifelle Göte Wahlström (s) var glad for at Strøm-Erichsen roste den nordiske samfunnsmodellen.
- Den nordiske velferdsmodellen er eit førebilete. Vi i Velferdsutvalet vil sjå på korleis vi kan utvikla han og koma enda lenger, sa Wahlström ved avslutninga av møtet med den norske helseministeren.