Stein Mehren: Imperiet lukker seg, 2004 (Aschehoug Forlag): Nomineret til Nordisk Råds Litteraturpris 2005
Stein Mehren, 69 år, er ein av veteranane blant norske lyrikarar. Han debuterte i 1960 med samlinga "Gjennom stillheten en natt" og har sidan publisert eit trettitals diktsamlingar.
Heilt sidan tidleg på 60-talet har Mehren stått sentralt i norsk poesi. Han har vore både "i posisjon" og "i opposisjon" i forhold til dei skiftande litterære retningane. Med den metafysiske orienteringa som poesien hans er prega av, har han fått både motseiing og tilslutning. Men om han ikkje har overtydd alle om sine meiningar, har poesien hans vore overtydande. Stein Mehrens dikt har blitt høgt respektert og sett pris på.
Blant det lyrikklesande publikum står han for mange som "den store" blant dei nolevande norske poetane. Seks gonger har han tidlegare vore nominert til Nordisk Råds litteraturpris, men utan å ha fått prisen.
Stein Mehrens dikt rører seg i spenningsfeltet mellom biletskapande rikdom og analyttisk intensitet. Typisk er det at Mehren i tillegg til å vere poet også er biletkunstnar. Han har dessutan gjort seg gjeldande som essayist. I samlinga
"Imperiet lukker seg" kjem det biletlege konkret til syne ved at Mehren sjølv har laga omslagsillustrasjonen og det essayistiske får sitt uttrykk gjennom eit noteapparat han i slutten av samlinga har til nokre av dikta.
Hovudsaka er likevel dikta og den poetiske teksten. For Mehren er og blir poet, der ordbileta, med det dei tyder, er det sentrale. Dikta i "Imperiet lukker seg" er av og til korte og ordknappe, men slåande. Andre gonger er dei som ein vidfamnande og fargerik vev. Det er ein lyrikk som har stor spennvidde. Her møter vi vi det forferdelege med tema som sorg, katastrofe, undergang. Likevel gir Mehren i dikta ofte uttrykk for noko uendeleg vakkert. Han skyr ikkje dei store orda, men dei blir likevel nære ved at han fyller dei med kraft frå presise sansingar og erindringar.
Mehren spelar tekstane sine opp mot heile vår sivilisasjons historie. Vergil er med, Arkimedes og Aleksander den store, den kristne tradisjonen likeeins. Alt dette samlar seg i ein tekst som blir eit slags hovuddikt i heile Mehrens poesi, diktet "Gobelin Europa". Dette diktet har vore med i mange av samlingane til Mehren sidan han først publiserte det i 1965. Han har forandra det frå gong til gong. Versjonen denne gongen
liknar "Gobelin Europa" i samlinga hans frå 2002. Men det er lagt til ei ny strofe, den tredje strofa, som handlar om krig
og fiendebilete.
Når Mehren slik forandrar eit dikt frå samling til samling,
er det vel neppe for å få perfekt form på sitt "einaste kvad", slik det heiter i eit kjent norsk dikt. Heller er det ei oppdatering og ei markering av at dikta hans, så vakre dei enn kan vere, også er å forstå som ein kontinuerleg sivilisasjons-kritikk. Denne kritikken er ei side ved denne samlinga
utan at det dermed skuggar for dei andre perspektiva ved dikta. For lyrikken i "Imperiet lukker seg" har opningar i fleire retningar og utsyn i mange leier. Slik blir dette mangetydig poesi, og stor poesi.
Oskar Stein Bjørlykke
Ansvarlig webredaktør
2007-04-25

Pristagare