Dokumentåtgärder
Detta innehåll är inte tillgängligt på ditt valda språk, vi visar det på Norska.

Kritisk til engelsk som arbeidsspråk

Norges Nordiske samarbeidsminister Heidi Grande Røys er kritisk til at Ungdommens Nordiske Råd (UNR) har gjort vedtak om å nytte engelsk som arbeidsspråk.

2008-08-21

'Bruken av nordiske språk er ein del av fundamentet i det nordiske samarbeidet. Nettopp det at vi i Norden står kvarandre nær både verdimessig, kulturelt og geografisk vert forsterka av at vi gjensidig forstår kvarandre sine språk. Det ville vere eit stort tap for det nordiske samarbeidet dersom engelsk skulle verte felles arbeidsspråk mellom dei nordiske landa', seier Grande Røys. Ho meiner omsetjing på møte frå dei skandinaviske språk til/frå finsk og islandsk ville vere ei betre løysing.

Samarbeidsministeren er difor langt på veg samd i kritikken som den danske samarbeidsministeren, utdanningsminister Bertel Haarder, har komme med i den danske avisa Politiken nyleg. Haarder uttalte til avisa at UNR sitt val av engelsk som føretrekt arbeidsspråk er i strid med ideen for det nordiske samarbeidet. Han meiner difor at UNR ikkje bør få offentleg støtte dersom dei vel å kommunisere på engelsk.

Grande Røys vil ta saka opp med sine kollegaer på neste møte i Nordisk ministerråd.

Deltakarane i Ungdommens Nordiske Råd (UNR) representerer dei nordiske partipolitiske ungdomsorganisasjonane og ulike nordiske politiske paraplyorganisasjonar.

UNR er samla årleg til ein eigen sesjon i samband med Nordisk Råd sin sesjon. Verksemda til UNR vert i hovudsak finansiert over Nordisk Råd sitt budsjett.