Dokumentåtgärder
Detta innehåll är inte tillgängligt på ditt valda språk, vi visar det på Norska.

Tettare nordisk samarbeite om helse og forsvarspolitik

Dei fem nordiske statsministrane er samde om å samarbeide tettare innan helse og om å styrke det nordiske samarbeidet innan tryggings- og forsvarspolitikken. Dette kom fram under det nordiske statsministermøtet på Hurtigruten sundag.

2012-06-12

- Dei nordiske landa står overfor mange felles helseutfordringar. Vi har eit stort potensiale for å utvida og forsterka nordisk samarbeid innan helse. Målet er å utvikle konkrete samarbeidsprosjekt som kan kome alle dei 25 millionar innbyggjarane i Norden til gode, seier dei fem nordiske statsministrane.

Mellom anna ser ein for seg å samarbeida innan utprøving av nye behandlingsmetodar og legemiddel, samarbeid om høgspesialisert medisin og forsking på helse og velferd.

Den beste måten å få prøve ut om nye behandlingsmetodar og medisinar er effektive og trygge, er å gjennomføre vitskaplege studiar på store pasientgrupper.

- Dette vil gje betre kvalitet, pasienttryggleik og helse. Vi innleiier no eit treårig nordisk samarbeid om klinisk testing. Dette vil òg gjere det mogeleg å gjennomføre studiar på til dømes sjeldne kreftsjukdomar i Norden, seier statsministrane.

Eit tettare samarbeid om høgspesialisert medisin kan sikre betre kvalitet i tenestene enn kva kvart einskild land kan oppnå kvar for seg. Tiltak på dette feltet kan blant anna inkludere eit system som gjev høve til fornya vurdering i eit anna nordisk land. Dette kan bidra både til høg kvalitet på tenestene, pasienttryggleik og kostnadseffektivitet.

Statsministrane vil be helseministrane i dei nordiske landa om å utarbeide konkrete framlegg til vidareutvikling av helsesamarbeidet og rapportere om dette til det neste nordiske statsministermøtet i oktober.

Trygging og forsvar

- I moderne tid har samarbeidet mellom dei nordiske landa aldri vore så tett som no når det gjeld tryggings- og forsvarspolitikk. Samarbeidet er til vårt felles beste, og vi ønskjer å utvide og styrke samarbeidet enda meir, seier dei nordiske statsministrane etter det nordiske statsministermøtet på Hurtigruten.

Det er et tett samarbeid mellom utanriks- og forsvarsdepartementa i Norden om tryggingspolitiske forhold, deltaking i internasjonale operasjonar og utvikling av felles militære kapabilitetar.

Statsministrane var samde om at det gode nordiske samarbeidet i Afghanistan er til felles nytte, og at ein bør byggje vidare på dette.

Statsministrane drøfta den islandske førespurnaden om nordiske bidrag til luftovervaking av Island, og dette spørsmålet vil følgjast opp i nasjonale avgjerdsprosessar i fleire av dei nordiske landa.

Som eit konkret tiltak for å møte ei tryggingsutfordring som alle dei fem nordiske landa står overfor, har ein innført eit tettare nordisk samarbeid om digital tryggleik. Statsministrane helsa velkomen etableringa av eit felles nordisk gradert kommunikasjonsnettverk. Det er venta at dette nettverket vil vere operativt i november 2012.

Statsministrane var òg samde om å styrke det praktiske samarbeidet innanfor ramma av det nordiske forsvarssamarbeidet (NORDEFCO), både med omsyn til strategisk utvikling, kapabilitetssamarbeid, utdanning og trening av personell, øvingar og deltaking i operasjonar. 

Kontakter

Bodil Tingsby
Telefon +45 33 96 03 57
E-post bot@norden.org

Tor Borgersen
+ 0047 90938987