376. Tove Elise Madland (Hovedindlæg)

Information

Speech type
Hovedindlæg
Speech number
376
Speaker role
UHN
Speech statuses
Waiting for transcription
Date

Kjære nordiske vener, handlemønstera våre har endra seg, og det såg me spesielt under pandemien. Då var det veldig mange av oss som nytta oss av internetthandel. Det betyr at produkt blir pakka i ulike emballasjar: fyrst i primæremballasjen som går frå produsent til distributør, og så vidare til mottakaren. På denne måten blir det skapa mykje meir avfall, så S-gruppa sitt forslag om merking av sekundæremballasje er òg noko som industrien sjølv etterspør, nettopp slik den sosialdemokratiske gruppa gjorde.

Utvalet, som eg talar på vegner av, har engasjert seg sterkt i denne saka med interesse for svanemerking. Utvalet har òg hatt møte med organisasjonen som står bak svanemerkinga, og utvalet ser fram til den vidare dialogen med organisasjonen, og ser det som svært viktig. Akkurat difor ser ikkje utvalet at det er nokon grunn til å gå vidare med medlemsforslaget, då organisasjonen bak ordninga jobbar med å forbetre kriterium og utvide talet på produktgrupper.

Utvalet ser fram til å følgja det vidare arbeidet med merking av sekundæremballasje når det er ferdig.