341. Liv Kari Eskeland (Replik)

Upplýsingar

Speech type
Andsvar
Speech number
341
Speaker role
Den Konservative Gruppe
Speech statuses
Waiting for transcription
Date

Tusen takk for vurderinga, men eg må likevel seia at sjølv om eg oppfattar at Kina og andre store utsleppsland ofte vert trekte fram i slike samanhengar, er det utruleg viktig at me som Norden står opp som den mest miljøriktige regionen i Europa. Her er det store forretningspotensial, her er det store mogelegheiter for at me kan selja vår teknologi også til dei landa som me ser har store utslepp. Me kan vera eit fyrtårn, og vårt næringsliv og vår maritime næring kan vera dei som sel denne teknologien ut og rundt om i verda.

Det vart nemnt at det har gått fire år sidan dette forslaget vart fremja. På sist møte fekk me inn ytterlegare to moment som har vist at utviklinga har gått veldig fort desse fire åra. Då me begynte møtet sist, starta me med å seia at det skulle vera landstraum i hamnene, men me har òg fått med ladestraum – og det er eg veldig glad for.