202. Helge André Njåstad (Reply)

Information

Speech type
Reply
Speech number
202
Speaker role
Uden partitilknytning
Date

Tusen takk for ei god tale. Eg synest generalsekretæren heldt ei veldig god tale. Slik eg minnast, er det politiske innhaldet betre enn det var då du var statsminister. Eg registrerar det.

Mitt spørsmål gjeld litt ulik tilnærming frå nordiske land – ikkje på kva ein er medlem av, men på kva møter ein stiller på. Me veit at det skal vera eit FN-møte over nyttår som har til formål forbod mot atomvåpen, der me ser at nordiske land opptrer ulikt, og der til og med vårt eige land Noreg som NATO-medlem vel å stilla som observatør på eit slikt møte i lag med Finland og Sverige. Mens Danmark vel å gjera det motsette, som resten av NATO-landa. Eg lurer på om generalsekretæren – ikkje eks-statsministeren eller nordmannen – kan svara på om han vil råda dei nordiske landa til å stilla på eit slikt møte, og om han har nokre betraktningar når det gjeld kva signal ein sender ut ved å stilla på eit slikt møte, sett i NATO-regi.