277. (Inlägg)

Information

Speech type
Presentation
Speech number
277
External speaker
Tove Elise Madland
Speaker role
Den socialdemokratiska gruppen
Date

Den høge tilliten til helsestyresmaktene i dei nordiska landa har ført til høg organisasjonsgrad. Difor har me kunna letta på smittevernstiltaka.

Dessverre er ikke pandemier over, og mange smitta er uvaksinerte. Eksempelvis i Noreg har me mange gjestearbeidarar frå dei baltiske landa, og mange av dei er uvaksinerte. Noreg er heilt avhengig av denne arbeidskrafta både dagleg og i sesongarbeid.

Me har eit felles ansvar for å sørgje for god folkehelse, og eg vil seie at me har òg eit ansvar for å sørgje for at våre gjestearbeidarar har ei god helse. Difor vil eg gjerne ta til orde for at dei nordiske landa og dei nordiske statsministrane ser på kva ein kan gjere for å sikre helsa til våre gjestearbeidarar og at det òg for dei er mogeleg å bli vaksinerte. Vår solidaritet rekk nemleg lenger enn til landegrensene.