144. Liv Kari Eskeland (Indlæg)

Information

Speech type
Presentation
Speech number
144
Speaker role
Den Konservative Gruppe
Speech statuses
Waiting for transcription
Date

Det er med stor entusiasme at me no legg fram medlemsforslaget frå den konservative gruppa om å betra føresetnadene for handel innom Norden.

Me har alle moglegheiter og føresetnader for å verta betre på området. Det nordiske ministerrådet i Reykjavik uttala at Norden i 2030 skal vera verdas mest berekraftige og integrerte region. Dette skal ein oppnå gjennom satsing på eit grønt, konkurransekraftig og sosialt berekraftig Norden. Då er det nokre hinder som må overstigast for å få dette på plass. Me har i forslaget peika på nokre av dei tiltaka som bør jobbast med, og som me har identifisert vil vera utslagsgjevande for å få til betre samhandling og handel i Norden.

Me er òg audmjuke for at det kan vera andre tiltak som bør setjast i verk enn dei som er nedfelte i forslaget vårt. Difor ber med det nordiske ministerrådet starta arbeidet med å identifisera dei hindera me i dag ser for å få betre samhandling mellom dei nordiske landa, og at ein innan 2023 kjem tilbake til Rådet med status for korleis arbeidet går og korleis ein kan forenkla handelen mellom dei nordiske landa.

I ei uroleg verd er det viktig med gode naboforhold og gode naborelasjonar og trygge leverandørkjeder. Me veit òg at kortreiste varer er viktig for klima og miljø. Det vil styrkja våre sosiale, økonomiske og beredskapsmessige band oss imellom, og me vil kunna imøtekoma målet om eit grønt, konkurransedyktig og sosialt berekraftig Norden.