19. Helge André Njåstad (Replik)

Information

Speech type
Replik
Speech number
19
Speaker role
Uden partitilknytning
Speech statuses
Waiting for transcription
Date

Takk, president!

No svarte eigentleg den svenske statsministeren på spørsmålet eg hadde om gjengkriminalitet. Me har sett at Danmark har gjort ein del grep, og at Sveriges regjeringsplattform har gjort ein del grep. Heime i Noreg er det ikkje alle som tek desse problema like mykje innover seg. Eg vil stilla spørsmål om ein vil ta initiativ til eit breidare nordisk samarbeid, slik at me kan ha fridom.

Eg synest det var eit veldig godt bilde i dag då statsministrane gjekk herifrå til lunsjen. At me så nær den russiske grensa kan gå fritt og vandra fritt, er noko me må ta vare på og hegna om, og då må me få gjort noko med gjengkriminaliteten. Så eg lurer på om den svenske statsministeren vil ta initiativ til eit større nordisk samarbeid for å læra av dei beste, slik at fleire kan bli inspirerte.