380. Liv Kari Eskeland (Hovedindlæg)

Information

Speech type
Hovedindlæg
Speech number
380
Speech statuses
Waiting for transcription
Date

Gode president og gode rådsmedlemmer. Eg har gleda av å presentera Nordisk råds kontrollkomité si årsmelding for 2022. Følgjande er komiteen sine oppgåver: å utføra parlamentarisk kontroll med det arbeid som vert finansiert av felles nordiske midlar, samt annan kontroll som plenarforsamlinga treff avgjerd om.

Kontrollkomiteen si samansetjing kjem fram av sakspapira, og den er leia av Maria Stockhaus, som no har gått over i presidentskapet. Derfor er det underteikna som presenterer dette, og som no skal overta leiarvervet.

Det har vore halde fire møte, og kontrollkomiteen har i 2022 utført éi gransking. Det var om prosessen i samband med Nordisk råds prisar, inkludert korleis vinnarane vert valde. Oppfølging av denne saka vert overført til 2023.

Ytterlegare tre granskingar er vedtekne i 2022 og er forventa behandla i 2023. Ei av desse er korleis Nordisk ministerråd sine prosjekt vert følgde opp med omsyn til resultat, og om prosjekta oppnådde føremålet og målsetjinga. Dette er eit stort og mødesamt arbeid som omfattar 750 prosjekt. Det vil bli teke stikkprøvar.

Ei anna oppgåve for komiteen er òg kontrollbesøk i dei nordiske institusjonane som mottek støtte frå Nordisk råds ministerråd, men grunna pandemien har ikkje komiteen fått utført institusjonsbesøk dette året.

Elles er institusjonane sine årsmeldingar gått gjennom. Det same gjeld årlege tildelingsbrev og riksrevisor sine rapportar. Rekneskap for Nordisk ministerråd er òg gått gjennom, og kontrollkomiteen skriv i si innstilling at ein ser med stort alvor på at Riksrevisjonen har atterhald overfor Ministerrådet kva gjeld interne kontrollar, tildeling av tilskot og styring av offentlege tilskotsordningar og om tilskotsmidlar vert brukte på ein måte der ein oppnår samfunnsmessige føremål.

Riksrevisjonen i Danmark har òg avlevert si melding om Nordisk råds rekneskap og Nordisk kulturfonds rekneskap for 2021, og det er ingen merknadar i den anledning. Med det takkar eg for ordet, president.