84. Liv Kari Eskeland (Hovedindlæg)

Takk for ordet og takk for i går alle sammen! 

Kontrollkomiteen har i 2024 gjennomført fire møter. Me har òg hatt eit institusjonsbesøk på Færøyene, i Nordens Hus. Det er ein institusjon som er ein viktig nordisk kulturaktør og ein sentral institusjon på Færøyene. Det kontrollkomiteen er urolig for, er den finansielle situasjonen til institusjonen. Dette gjeld elles òg for fleire av dei nordiske husa, og det kjem me til å ha under oppsikt. 

Vidare har me òg utført to utgreiingar, eller granskingar, og det er oppfølging av den danske riksrevisonen sin konklusjon om Nordisk ministerråd si utilstrekkelege styring av IT-sikkerheit rundt rekneskapssystemet Unit4. 

Ministerrådet deltok på kontrollkomiteens møte i april for å orientere om korleis dei følgjer opp bemerkningane frå riksrevisjonen, og kontrollkomiteen kjem til å følgje denne saka ganske nøye i fortsetjinga.

Vidare har me sett på Nordisk råd sine arbeidsgangar og prosessar. Det har vore laga to rapportar om dette tidlegare, og den seinaste var i 2021, av Mads Wolff. Kontrollkomiteen sine granskingar dette året går til oppfølging av desse rapportane. Wolff-rapporten kom blant anna med ei rekke anbefalingar, og kontrollkomiteen har oppfordra til å få utarbeidd ein felles mal - eller skabelon - for nye forslag for å få auka fokus på den nordiske nytten. 

Me ønsker òg å få ei vurdering av gjennomslagskrafta til forslaga som blir reist i Det nordiske rådet: korleis ein nasjonalt handterer desse, og korleis ein får forankring av forslaga. 

Til sist kan det nemnast at kontrollkomiteen har gått gjennom partigruppenes rekneskap for 2023, og der var det ingen merknader, i tillegg til den danske riksrevisjonen om Nordisk ministerråd, Nordisk råd og Nordisk kulturfond.  

Information

Talenummer
84
Type
Hovedindlæg
Status
Waiting for transcription
Dato