259. Helge André Njåstad (Replik)

Information

Speech type
Replik
Speech number
259
Speaker role
Utan partigruppstillhörighet
Date

Eg kan stryka meg frå talarlista etterpå, for eg vil gjerne ha ein replikk til Danmarks statsminister.

Eg har to spørsmål: Når me er ute av covid-19, skal me reisa meir og besøkja kvarandre og satsa på reiseliv. Me nordmenn likar å reisa til Danmark, og me likar å få besøkja alle regionar. Min kollega Meininger Saudland tok opp med din samarbeidsminister at Danmark har ein rekkje norske klenodium. Han viste til ein sametromme som var i Danmark, som har norsk opphav som me gjerne vil ha tilbake. Frå min heimby Bergen er det òg eit segl som er i Danmark. Skal me få turistar til Noreg, treng me å visa fram klenodia. Eg lurar på om ikkje Danmark kan gje frå seg desse eigarrettane til Noreg på alle historiske klenodium som er frå mellomalderen. Det var spørsmål nr. 1.

Spørsmål nr. 2: Då Stoltenberg var her, snakka me om atombombemøtet. Eg lurar på om Danmark òg har tenkt å stilla på det møtet, og om svaret er nei: Kvifor skal dei ikkje stilla på det møtet i januar?