311. Tove Elise Madland (Hovedindlæg)
Som det blei sagt, så taler eg på vegner av utskottet, utvalet.
Norden er omgitt av hav. Havet har vore ein viktig transportveg og kjelde til mat for befolkninga i lang tid. Å verne og beskytte livet i havet står derfor høgt på dagsordenen, men havets økosystem er under stort press på grunn av både overfiske, forureinng frå landbruk, tilførsel av farlege stoff og klimaendringar. Trass i at alle dei nordiske landa er medlem av Baselkonvensjonen, ei internasjonal miljøavtale, merker utvalet seg med stor bekymring at det finst eksempel på eksport og import av avløpsvatn kor verken eksportør eller importør sikrar dette på ein forsvarleg måte. Dette har store konsekvensar både for havmiljø og menneskets helse, og nokre av dei skadelege stoffa kan være kreftframkallande og endre på cellenes arvemateriale.
Utvalet meiner derfor at dei nordiske landa bør gjere meir for å unngå utslepp av farleg avløpsvatn i havet. Vi har eit felles ansvar for å sikre eit sunt havmiljø, både nå og for framtidige generasjonar. Derfor anbefaler utvalet blant anna at Ministerrådet forbetrer overvåkinga og kontrollen av eksporten av farleg avfall og avløpsvatn og set av ressursar til forsking og utvikling, samt metodar for behandling og handtering av farleg avfall og kjemikaliehaldig avløpsvatn.
I tillegg føreslår utvalet at Nordisk råd anbefaler nordiske regjeringar å vurdere moglegheita for å innføre strengare nasjonale reglar for eksport av farleg avfall og prioritere vern av marine økosystem ved å forbetre regulering og tilsyn av anlegg som mottar dette avfallet.