297. Tove Elise Madland (Indlæg)
Eg vil gjera greie for korleis nordmennene, iallfall eit fleirtal av nordmennene – og iallfall i den sosialdemokratiske gruppa – vil røysta i denne saka. For å endra kurs treng me ei grøn omstilling, og til den omstillinga trengs det mineral. I Noreg ønskjer me å undersøkja om det samla sett kan vera best å utvinna nokre mineral frå havbotnen i staden for på land.
Fleirtalet i det norske storting har opna opp for å undersøkja dette nærmare. Det betyr ikkje at me har fatta eit endeleg vedtak om at det skal gjerast, men det betyr at me ønskjer å undersøkja og få kunnskap før eit vedtak blir fatta. Av den grunn vil den sosialdemokratiske gruppa røysta ulikt i dag; medlemene av den sosialdemokratiske gruppa vil røysta slik dei har gjort i sine lokale parlament. Det betyr at me nordmenn kjem til å røysta nei til dette forslaget, og dermed støtta opp under korleis me røysta i vårt storting.