182. Liv-Kari Eskeland (Questions)
Tusen takk for ei veldig god innleiing, som òg den danske samarbeidsministeren gjorde godt greie for.
Den danske ministeren sa at dersom eit nytt regelverk skal verta innført, skal òg grenshinder utgreiast. No har me likevel fått ei slik utfordring og me tillèt oss å løfta det her. Dette gjeld òg transportfeltet og viser at me kanskje treng eit transportministerråd.
No går varer som vert frakta mellom sør og nord i Noreg, i all hovudsak gjennom Sverige. Men ein har funne ut at ein skal ha eit nytt tollregelverk som gjer at me ikkje kan få toll på det på ein like enkel måte. Det betyr at veldig mykje gods – me snakkar om tusenvis av trailerar – må verta flytta frå den svenske jernbanen og over til dei norske vegane. Det har kome eit forslag frå Noreg med tanke på korleis dette kan løysast, men framleis har me ikkje høyrt korleis svenskane tek dette imot. Har ein noko løysing på denne situasjonen?