349. Liv Kari Eskeland (Huvudinlägg)

Information

Speech type
Huvudinlägg
Speech number
349
Speech statuses
Waiting for transcription
Date

Eg har gleda av å gje ein liten status på kontrollkomiteen sitt arbeid og komiteen si melding for verksemda i 2022.

Let oss fyrst berre minna oss sjølve om formålet til kontrollkomiteen. Me skal utføra den parlamentariske kontroll av det arbeidet som finansierast av felles nordiske middel, samt ha ein kontroll av plenumsforsamlingane og dei avgjerda dei treffer. Vidare kan me gje fråsegn til presidiet om tolking av Helsingfors-avtalen eller andre avtalar, som nordisk samarbeid, forretningsorden eller dei interne bestemmingane. Kontrollkomiteen består av sju medlemar frå ulike parti og har i 2023 hatt 3 møter og gjennomført fleire besøk i dei nordiske institusjonar som tek imot støtte frå Nordisk ministerråd. Desse besøka er alltid interessante, og det vert lagt stort arbeid i å fortelja oss om korleis desse institusjonane verkar.

Me har gjennomført fire besøk, og me har fått med oss nokon punkt som me har vidareformidla som oppfølgingspunkt. Me har òg utført nokon utgreiingar. Me har granska budsjettinnsparingar og konsekvensar for Nordens velferdssenters aktivitetar. Me har granska forløpet for utforminga av Nordic Innovation sitt bevillingsbrev, etc. Alt dette vil dykk finna i vår årsrapport.

Me har òg hatt ein gjennomgang av institusjonane sine årsrapportar. Me har gått gjennom bevillingsbrev, og me har sett gjennom partigruppenes rekneskap. Me har òg hatt Riksrevisjonen på besøk, med omsyn til ein gjennomgang av arbeidet til Nordisk ministerråds rekneskap, då dei ikkje vert godkjende i 2019 og fram til no. På møtet har me då fått god input frå Riksrevisjonen om korleis me skal følgja opp dette vidare.

Me har òg sett på Nordisk ministerråd, og me har sett på revisjonsrapportar. Kontrollkomiteen merkar seg at Nordisk ministerråd får kritiske fråsegn frå Riksrevisjonen med omsyn til forvaltingsrevisjonen og juridisk-kritisk revisjon. Basert på dette har kontrollkomiteen bede om å verta løpande orienterte om korleis Nordisk ministerråd etterlever Riksrevisjonens anbefalingar.

Dette var ein kort gjennomgang av vårt arbeid. Takk.