325. (Indlæg)

Informasjon

Speech type
Innlegg
Speech number
325
External speaker
Dag Henrik Nygaard
Speaker role
UNR
Speech statuses
Waiting for transcription
Date

Kiitos, arvon presidentti, ärade Nordiska rådet, bedste nordiske venner, eg heiter Dag Henrik Nygård og representerer Ungdomens nordiske råd.

Norden skal vere den best integrerte og mest berekraftige regionen i 2030.

Vi ser at fleire barn og unge veks opp i familiar med låg inntekt. Det skjer ute i verda, men òg i Norden i dag. Alle har vi høyrt ei historie eller sjølve sett barn og unge vekse opp i ein familie med låg inntekt. Mi farmor fortalde om klassekameratar som berre kom på skulen annankvar dag fordi det ikkje var nok sko til alle i familien. Naboen fekk kallenamnet «sirupen» under krigen, fordi dei berre hadde råd til sirup som pålegg.

Ting har endra seg, men det er barn som veks opp i dag utan å kunne vere med på fritidsaktivitetar eller ha same klede som alle dei andre. Dei passar ikkje inn i gjengen fordi økonomien i heimen er annleis. Det kan vidare føre til dårleg psykisk helse.

Ungdom treng fellesskap, utan at økonomien skal vere eit hinder. Eg trur at barne- og ungdomsorganisasjonane vil kunne vere viktige for unge i familiar med låg inntekt.

Vi har verken tid eller råd til å vente. Ingen skal måtte verte kalla «sirupen». Norden må trakke opp løypa – saman.

Mange tak for Deres opmærksomhed.