263. Liv Kari Eskeland (Innlegg)

Informasjon

Speech type
Innlegg
Speech number
263
Speech statuses
Waiting for transcription
Date

Geoparkane er eit fantastisk univers. Dei som har vore der og sett på dei geoparkane me har i Norden, vil oppdaga eit univers som ein sjeldan har sett før. Desse geoparkane treng styrking, og difor er det så bra at det no har kome eit forslag som nettopp går på å setja desse nettverka i ein samanheng fordi dei står veldig einsamt aleine dei som jobbar der.

I mitt nærområde har me ein geopark. Kunnskapen ein greier å formidla til barn og unge gjennom geoparken sine utstillingar, gjennom å fortelja om korleis geologien vår er, korleis naturen byggjer på geologien, er ein kunnskap eg absolutt unner alle barn og unge å få ta del i. Men dei er svake, dei er sårbare slik dei er – det er kanskje berre ein eller to personar som jobbar i desse geoparkane. Difor er det bra at dette nettverket no vert føreslått. Den konservative gruppa støttar heilhjarta opp om saka.