11. Liv Kari Eskeland (Spørgsmål)

Dei nordiske landa står no samla bak Ukraina, og me veit at dei står framføre ein lang og kald vinter. Russlands grufulle framferd kjenner ingen grenser, og det går utover sjukehus, skular og energiproduksjon, slik statsministeren var inne på. Dei nordiske og dei baltiske landa har ein robust økonomi, og med felles innsats kan me betra Ukrainas motstandskraft. Kva meiner Sveriges statsminister at Sverige, saman med dei andre nordiske landa, kan gjera for å støtta Ukraina gjennom vinteren, slik at me kan ha håp om at dei kan vinna denne grufulle krigen?

Information

Talenummer
11
Type
Spørgsmål
Status
Transcription done
Dato