24. Helge André Njåstad (Spørgsmål)

Eg representerer Framstegspartiet frå Noreg. Eg takkar statsministeren for innlegget som handla om situasjonen i Ukraina. Eg forstår òg at statsministrane har hatt samtalar om justispolitikk på heimebane. Eg høyrde den svenske statsministeren seia at han ønskte å løysa utfordringa og ikkje å eksportera ho. Dessverre ser me at me har fått ein del eksport frå Sverige når det gjeld kriminalitet. Det same har òg Danmark fått. Den danske statsministeren var biletleg klar i ein nyheitssak om at innvandringspolitikk speler ein rolle – ein får ein del kriminalitet som følgje av innvandring og for dårleg integrering. Eg ser at Danmark har teke eit spennande grep med å etablera eit fengsel i Kosovo, slik at kriminelle utlendingar sonar der og så returnerer til sitt heimland etterpå.

Mitt spørsmål er: Vil Danmark vera open for å samarbeida med andre nordiske land om fengsel i utlandet for å få løyst kriminalitetsutfordringane?

Information

Talenummer
24
Type
Spørgsmål
Status
Waiting for transcription
Dato