Kaia Dahle Nyhus
I Det som finnes og det som er borte møter vi ein familie som opplever krig, flukt og ein ny start i eit framandt land.
I første oppslag ser vi barnet sittande på trappa utanfor huset i heimlandet. Her er livet kjent og godt. «Det finnes en katt på trappa. Og en hemmelig sjokoladeskuff under senga.» Barnet er omringa av tryggleik i form av duer i vinden og struttande solsikker. Fargane er varme og innbydande.
I det lesaren blar om, kjem alvoret. Pappa må reise i krigen. Mor og barn må flykte ut av landet. Herifrå slår bilde og tekst hardt frå seg. Det ligg ei uhygge og ein distanse i formspråket som gir lesaren eit konstant ubehag. Illustrasjonane er krasse og kantete, fargebruken minimal. Det gjer ekstra vondt å sjå korleis mor og barn gjennom heile flukta verken har auge- eller kroppskontakt. Språket er monotont, rytmisk og understrekar ubehaget: «Det finnes ikke noen pappa her. / Det finnes ingen katt på trappa. / Det finnes en mann som spør / om navnet mitt er navnet mitt.»
Dahle Nyhus tek barnet på alvor, og forfattaren har ei unik evne til å sjå verda frå barnet sitt perspektiv. Forteljinga er lett å følge, barnet er tydeleg til stades. Derfor er det ein lette når det nye landet opnar for eit håp. Sjølv om alt er nytt, så finst det ein brus sånn som heime og ein katt som kanskje vil leike. I siste oppslag sit barnet på mammas fang. «Det finnes en mamma som kanskje er glad. Det finnes en telefon med pappas stemme.»
Dette er ei sterk bildebok om det som mange barn har opplevd eller høyrt om. Det er ei bok som skildrar eit viktig tema på ein direkte, men samtidig poetisk måte. Illustrasjonane fangar på sobert vis stemninga i boka, og krigen er skildra utan å være overtydeleg.
Kaia Dahle Nyhus (f. 1990) er ein prisvinnande forfattar og illustratør. Ho debuterte med eiga bok i 2014 og har seinare gitt ut ei rekke bildebøker. I løpet av få år har ho etablert seg som ein av våre viktigaste bildebokskaparar.