327. Tove Elise Madland (Inlägg)

Information

Speech type
Inlägg
Speech number
327
Speech statuses
Waiting for transcription
Date

Gode venner!

Me behandlar i dag tre forslag, og dei er på mange måtar lik kvarandre. Det handlar om å ta vare på miljø, og det er svært viktig. Heldigvis går det allereie i dag føre seg mykje viktig arbeid på både FN-nivå og EU-nivå som me i Den sosialdemokratiske gruppa støttar heilhjarta opp om.

Det forslaget som Simon Holmström gjorde greie for, var større enn det som ligg på bordet i dag. Grunnen til at Den sosialdemokratiske gruppa landa der ho landa, var at me ikkje ønska å gjere dobbeltarbeid.

Mine kollegaer i Den sosialdemokratiske gruppa som har hatt ordet tidlegare, har vore opptekne av at dette arbeidet er viktig. Det støttar eg. Men me tenkjer i vår gruppe at me gjer det best om me står saman internasjonalt i desse kampane, så me støttar forslaget slik det nå ligg føre. Altså: Me støttar betenkinga slik ho nå er.