Bibi Fatima Musavi
I denne ungdomsromanen møter vi Asya, som bur i ei kjellarleilegheit saman med foreldra sine. Ho går på vidaregåande, og ho leitar etter ein ekstrajobb. Med andre ord – ikkje ein roman med stor, ytre dramatikk. Likevel sparkar boka godt frå seg.
Asya kjenner seg annleis. Læraren uttalar namnet hennar som eit kontinent. Konservative tanter og onklar blir sjokkerte når ho snakkar om likestilling. Guten ho forelskar seg i, er allereie saman med ei norsk, blond jente. Og ho får ikkje ekstrajobb på kaféen fordi ho har hijab. Sjefen på Burger King spør om ho kan bruke caps i staden. Heile tida blir ho redusert som menneske, og dette skaper eit sinne som kjem til uttrykk i korleis Asya forheld seg til verda ikring. Spesielt mannen til søstera, Eselet, får gjennomgå. Ho gjer narr av foreldra som ikkje stoler på oppvaskmaskina, men bruker den til å lagre tomflasker i. Ho ser paradokset i at dei kjøper halalkjøt på ein stad som heiter Svinesund. Og ikkje minst er ho herleg sjølvironisk når ho ser seg sjølv utanfrå, kledd i heilsvart, som eit VIP-medlem av mullamafiaen.
Asya er for norsk for sin eigen familie, og for utanlandsk for det kvite storsamfunnet. Denne dualiteten er ein av styrkane i boka. Det er ei slagkraftig blanding av raseri, skam og skarp humor som driv romanen framover. Språket er godt tilpassa målgruppa. Boka har ei energisk og fengande forteljarstemme, og er særs vanskeleg å legge frå seg.
Tittelen «Jenter som meg» er konkret og inkluderande. Musavi gir stemme til ei gruppe unge jenter som opplever ein kvardag som er ukjent for mange. For bak hijaben bur kanskje ei jente som ønsker seg det same som andre tenåringar?
Bibi Fatima Musavi (f. 1998) er fødd og oppvaksen i Oslo. Ho har bachelor i journalistikk og tar master i medier og kommunikasjon. Jenter som meg er hennar første bok.