Øyvind Torvund

Øivind Thorvund

Øivind Thorvund - Foto Dimitri Djuric

Photographer
Dimitri Djuric
Øyvind Torvund er nominert til Nordisk råds musikkpris 2022 for verket The Exotica Album (album) (2017).

Motivering

Øyvind Torvund (f. 1976) sine komposisjonar kombinerer ofte konvensjonelt strukturert og notert samtidsmusikk med element henta frå andre stilartar som rock og underhaldningsmusikk. Eller som i Willibald Motor Landscape, der han trekker inn element frå lydverda i elektroniske spel og norsk folkemusikk.

 

The Exotica Album vart urframført av det akustisk baserte samtidsensembelet BIT20 i møte med improvisatorane Jørgen Træen på modular synth og jazzsaxofonisten Kjetil Møster.

 

Mange vestlege komponistar har vore inspirerte av «eksotisk» musikk – både romantikarar, impresjonistar og modernistar. Men den formen for eksotika Torvund spelar på her, er ei grein av underhaldningsmusikken som vart populær i USA på 50- og 60-talet, der strykeorkester/storband vart kombinert med «eksotiske» instrument frå stillehavsområdet og Orienten. I tillegg førekom imitasjonar av naturlydar (særleg fuglesong) som skulle skapa ein illusjon av jungel og tropelandskap. På 90-talet vart stilen revitalisert som ein del av fenomenet «loungemusikk».

 

Men Torvund nøyer seg ikkje med å resirkulera ein allereie resirkulert eksotisme. Han inkluderer også element som illuderer den tidlege elektroniske musikken (t.d. Stockhausen). Satsane er stramt strukturerte, og dei musikalske ideane står tydeleg fram utan å verta tværa ut.

 

Torvund har atter vist at han er ein av våre mest særprega samtidskomponistar.

                     

 

Lenke