Maria Navarro Skaranger

Maria Navarro Skaranger

Maria Navarro Skaranger 

Photographer
Foto: Jo Sivertsen
Maria Navarro Skaranger: Jeg plystrer i den mørke vinden. Roman, Forlaget Oktober, 2023. Nominert til Nordisk råds litteraturpris 2024.

 

Motivering: 

Heilt sidan ho debuterte med romanen Alle utlendinger har lukka gardiner i 2015, har Maria Navarro Skaranger vore ein forfattar som har overraska og imponert. Med årets bok, Jeg plystrer i den mørke vinden, har ho gjort det enkelt å skrive sin aller beste roman. Ja, dette er enda ein norsk roman frå drabantbyen, men Skaranger skriv så originalt og presist at det kjennes ut som noko heilt nytt. Romanen er både sår og komisk, og ber i seg eit mektig raseri i skildringa av strukturell fattigdom.

 

Portrettet av den eldre Sidsel som har ramla ut på sida av samfunnet, er rørende og morsomt. På mange måter sviktar Sidsel både som mor og bestemor, og likevel har vi sympati med ho. Kanskje liknar Sidsel på narren frå middelalderen som både var dum, gal, og samtidig vis? Det er ei risikabelt og modig skildring Skaranger utfører, og ho utfører det så godt at du på siste side i boka vil både le og gråte. Skaranger får vist seg fram som ein modig forfattar med eit grunnleggande humanistisk prosjekt: Kven er menneska bak dei lukka gardinene?

 

Historier om dette kan raskt bli til sosialrealistiske tragedier med moralske peikefingre. Med Jeg plystrer i den mørke vinden viser Skaranger eit uvanleg litterært overskot. Når ei gravid Sidsel tek drosje til sjukehuset for å føde, hopper romanen glatt over fødselen med orda: «Hun blir skrevet inn og sjekket, og etter noen timer begynner Sidsel å presse, og bla bla bla, det finnes mange skildringer av fødsel, ikke noe unikt med Sidsels, og ut kommer en jente på omtrent tre og en halv kilo (…)». Slike originale og modige grep viser at Skaranger ikkje skriv skillingsviser for middelklassen, men romanar for oss alle. 

 

Jeg plystrer i den mørke vinden er ei bok som verkeleg imponerer, for den seier noko viktig om både romankunsten og det norske samfunnet.